Lover for TROMS UNGDOMSFYLKING
(revidert ved årsmøte i Troms ungdomsfylking 14.03.2015
og korrigert ved årsmøtet 25.03.2017)
§ 1.FØREMÅL.
1. Troms Ungdomsfylking skal arbeide for å styrke den frilynde ungdomsrørsla i sitt område i
samsvar med føremålet og arbeidsprogrammet i Noregs Ungdomslag.
2. Troms Ungdomsfylking skal være ein fast bindelekk mellom laga og Noregs Ungdomslag.
Særleg skal fylkeslaget ha ansvar for å fremje felles kulturelle og økonomiske føremål, skipe
nye lag og kome med nye tilbod til medlemmene gjennom laga.
§ 2. MEDLEMSKAP
1. Troms Ungdomsfylking er med i Noregs Ungdomslag og godkjenner lovene og føresegnene til
landslaget.
2. Alle einskildlaga i Troms Ungdomsfylking sitt distrikt som vil arbeide i samsvar med føremålet
til Noregs Ungdomslag og som har lover godkjent av fylkeslaget, kan bli medlem av Troms
Ungdomsfylking.
3. Troms Ungdomsfylking kan ta opp einskildmedlemmer beinveges der det ikkje er
ungdomslag.
4. Lokallaga betaler medlemskontigent etter satsar fastsett av årsmøtet i fylkeslaget.
§ 3. ÅRSRAPPORTERING
1. Arbeidet i fylkeslaget bør følgje kalenderåret.
2. Fylkeslaget melder inn nyvalde tillitsfolk til Noregs Ungdomslag kvart år så snart årsmøtet i
fylkeslaget er halde.
3. Troms Ungdomsfylking sender årsmelding og årsrekneskap til Noregs Ungdomslag kvart år
innan 1.april.
§ 4. ÅRSMØTET
1. Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av mars. Omframt årsmøte skal haldast når
årsmøtet, styret eller 1/3 av einskildlaga krev det.
2. Alle einskildlaga som har sendt årsmelding og årspengar for siste året kan sende
representantar til årsmøtet rekna etter medlemtalet slik:
Lag med opptil 50 medlemmar over 14 år: 2 utsendingar
Lag med opptil 75 medlemmar over 14 år: 3 utsendingar
Lag med opptil 100 medlemmar over 14 år: 4 utsendingar
Sidan 1 for kvar påbyrja 50 medlemmar.
3. Lokallag som har sendt årsmelding for føregåande år, og betalt årspengar for føregåande år
for minst 5 medlemmer over 14 år har rett til utsendingar.
4. Årsmøtet vel styre, fagnemnder, ettersynsfolk/-firma, valnemd og andre råd og utval som til
ein kvar tid er nødvendig. Årsmøtet kan gi styret fullmakt til å velje desse.
5. Årsmøtet vel utsendingar til årsmøtet i Noregs Ungdomslag, og/eller gir styret fullmakt til å
velje desse.
6. Årsmøtet skal ta stoda til årsmelding, ettersett rekneskap, arbeidsprogram, budsjett og andre
saker som styret legg fram for det.
7. Innkallinga til årsmøtet skal sendast ut minst 1 månad føreåt saman med sakslista.
Saksdokumentane skal sendast ut minst 14 dagar før årsmøtet.
8. Røysterett på årsmøtet har styret i fylkeslaget og utsendingane frå einskildlaga.
9. Saker som laga vil ta opp på årsmøtet må være komne til styret innan 1.februar.
§ 5. STYRET
1. Styret skal ha leiar, minst 4 styremedlemmar og 3 varamedlemmer. Styret vel seg i mellom
nestleiar, kasserar, sekretær og andre etter det som er aktuelt for fylkeslaget. Styret har
fullmakt til å opprette dei nemder/komitear/utvalg som til ei kvar tid er nødvendig. Leiar blir
vald for 1 år. Dei andre styremedlemmene blir valde for 2 år, slik at halvparten står på val
kvart år. Varamedlemmene blir valde for 1 år.
2. Tromsringen vel sjølv ei arbeidsgruppe som har kontakt med styret.
3. Styret leier arbeidet i fylkeslaget i samsvar med laget sitt arbeidsprogram, lover og budsjett.
4. Styret skal føre referat frå styremøta.
5. Styret er vedtaksført når minst 3 styremedlemmer er tilstades. I høve til røystetal i styret, er
leiaren si røyst avgjerande.
§ 6. ANDRE FUNKSJONAR
1. Valnemda har 2 medlemmer og 2 varamedlemmer. Medlemmene blir valde for 2 år slik at
halvparten står på val kvart år. Varamedlemmene blir valde for 1 år.
2. Det blir valde 2 ettersynsfolk for 1 år om gangen.
§ 7 TRYGGING AV EIGA
1. Fylkeslaget kan ikkje leggast ned eller skifte føremål dersom minst 5 einskildlag vil halde det i
gang. Dersom fylkeslaget blir lagd ned eller skifter føremål så det ikkje lenger kan stå i Noregs
ungdomslag, skal styret i Noregs Ungdomslag ta vare på middelen i fylkeslaget. Går det 15 år
frå middelen er teken over og fylkeslaget ikkje er kome i gang att, eller det ikkje er skipa et
nytt godkjent fylkeslag, tek styret i Noregs ungdomslag over middelen. Middelen skal nyttast
til kulturelle formål i Troms.
2. Fylkeslaget skal ta vare på middelen til einskildlag som blir lagd ned eller skiftar føremål så
dei ikkje lenger kan vere med i fylkeslaget. Dersom laget ikkje er kommen i gang att om 15 år,
eller det ikkje er skipa et nytt godkjent lag på staden, skal midelen nyttast på den måten som
er fastsatt til lova i laget. Dersom lagslova ikkje seier noko om dette, skal midelen overlatst til
kommunestyret/bystyret som nyttar han til beste for ungdomsarbeida på staden.
3. Utgiftene med styringa skal betalast av midelen.
§ 8. UTSTØYTING AV LAG
1. Einskildlag som skader fylkeslaget sitt arbeid og omdøme eller bryt denne lova på anna vis,
kan styret i Troms Ungdomsfylking støyte ut. Eit slikt vedtak kan ankast for styret i Noregs
Ungdomslag for endeleg avgjerd.
2. Lag som ikkje har sendt årsmelding og/eller står til rest med årspengar for dei siste 3 åra, kan
strykast av medlemslista.
§ 9. YMSE
1. Lover og føresegner for Noregs Ungdomslag som omhandlar tilhøve til fylkeslaget eller
organisasjonen generelt, gjeld for Troms ungdomsfylking.
§ 10. LOVENDRING
1. Framlegg til lovendring må vere komen til styret minst 2 månader før årsmøtet og
kunngjerast for einskildlaga minst 1 månad før årsmøtet. Årsmøtet kan da vedta framlegget
med 2/3 røystefleirtal.
2. Endring av lova må godkjennast av styret i Noregs ungdomslag.